Under kommunestyret i Ulstein kommune torsdag vart politikarane presentert for forvaltningsrevisjonen sin rapport om barnevernet. Kontrollutvalet i Ulstein kommune sin leiar, Ivar Mork innleidde om rapporten, som han karakteriserte som dyster lesing.
– Rapporten tek føre seg omsorgsovertaking i perioden 2013 til 2015. Dette gjelde nokre av våre mest sårbare innbyggjarar, og vi kan berre tenkje oss kva traume det er for både barn og foreldre å verte skilde. Derfor må vi også stille høge krav til rettstryggleiken når samfunnet intervenerer på dette området. Uansett kor gode grunnane er, sa Mork.
Svikt på fleire område
Han fortalde vidare at det var funne svikt på fleire område når det gjeld omsorgsovertaking, mellom anna ved tiltaksplanar og omsorgsplanar for barnet.
Mork peika likevel på svikt i tilsynsførarfunksjonen som kanskje den alvorlegaste avdekkinga i rapporten.
– Det er i sviktande grad utnemnt tilsynsførarar, det blir gjennomført få og manglande besøk, og rapportane er tynne og gir lite informasjon til den kommunen som skal forvalte dette, sa Mork. Han peika også på at det ikkje hadde blitt lagt godt nok til rette for at forvaltningsrevisjonen skulle få utføre sitt arbeid på ein skikkeleg måte.
– Eg ber kommunestyret om å ta denne rapporten med største alvor.
Og det såg det også ut til at politikarane gjorde.
Bøte hola i sikkerheitsnettet
Både Ottar Kaldhol (Ap) og Hannelore Måseide (V) uttrykte overrasking og skuffelse over at forvaltningsrevisjonen ikkje hadde fått dei arbeidsvilkåra dei treng.
– Her snakkar vi også leiaransvar, også politisk. Får vi dokumentert at ein møter slike haldningar når revisjonen skal utføre oppdraget, så bør det føre til at både politisk og administrativ leiing snakkar om det er slik ein vil ha det, sa Kaldhol, som oppmoda ordføraren om å kontakte sine kollegaer i dei andre kommunane i barnevernssamarbeidet.
– Ikkje for å klippe snorer, men for å knyte band som gjer at vi kan bøte dei hola som er i sikkerheitsnettet, sa Kaldhol. Alf Johan Antonsen (Frp) meinte rapporten viste at det vart gjennomført for få tiltak i heim før ein gjekk til omsorgsovertaking. Han var også kritisk til mangelen på tilsyn.
– Det er beklageleg at ikkje barnevernet klarar dei lovpålagde besøka. Tre barn har vore heilt utan tilsyn, medan tre andre berre har fått eitt tilsyn i 2015. Vi ser at fosterbarn frå andre kommunar ikkje får det dei skal i vår kommune, sa Antonsen.
Trond Berg (KRF) stilte spørsmål ved om ein må tilføre barnevernet meir ressursar for å få eit system som fungerer.
– Dette handlar ikkje om einskildsaker, men om korleis vi som politikarar skal ha forventningar til systemet vi er sett til å forvalte. Det å ta vare på dei yngste og dei mest sårbare er det ingen her som ikkje ønskjer på agendaen, slo Berg fast.
Hannelore Måseide meinte dette er snakk om eit trist sak.
– Vi treng eit barnevern og vi treng lover og reglar som beskyttar barnet, men eg blir trist når ein les at dei ikkje er i stand til å gjere dette på ein god måte. Det eg blir veldig opprørt over i rapporten er at ikkje rettstryggleiken til barna sviktar, sa ho.
Ein god del å ta tak i
Ordførar Knut Erik Engh (Frp) meinte at barnevernet må tole å verte kika i korta.
– Vi går ikkje inn i einskildsaker, det verken skal eller bør vi gjere, men vi skal stille krav til tenesta. Barnevernet gjer utvilsamt mykje bra, men denne rapporten viser at det er ein god del å ta tak i, og det skal vi også gjere.
Engh meinte samstundes at rapporten gav fleire spørsmål enn svar, men at den gav avklaring på ein del viktige område.
Barnevernstenesta er eitt av områda kommunestyret i ei anna sak vedtok som ein del av forvaltningsrevisjonsområdet for 2016–2019.