Under kommunestyremøtet i Ulstein i går kveld tok Marianne Breivik ordet for å kritisere norsk asylpolitikk. Ulstein kommune har blitt oppmoda av IMDI om å skru ned talet for kor mange flyktningar dei vil busette. Det får Breivik til å reagere. Det hadde vore ei positiv sak om det var for at flyktningekrisa var over.

– Og då snakkar eg om krisa for menneske på flukt, ikkje slik det ofte vert framstilt, som ei krise for oss som må ta imot og hjelpe, sa Breivik frå talarstolen. Men krisa er ikkje over.

Det som har endra seg er at dei norske styresmaktene ikkje vil ta imot flyktningar i Noreg, men hjelpe dei i "nærområda".

– Noreg har blitt "verdsmeister" i å hjelpe så få som mogleg. Me har ein statsråd som skremmer det norske folk med "svenske tilstandar" og kallar oss "hylekor" og godheitstyrannar". Fakta er at me snart ikkje tar imot nokon av menneska på flukt. I avtalen med landa lengst sør i Europa låg det også ein lovnad om å hente eit gitt antal kvoteflyktningar, dette har heller ikkje Noreg fulgt opp, sa Breivik.

Breivik viste til eit innslag ho hadde sett på God Morgen Norge der innvandrings- og integreringsminister Sylvi Listhaug sa at berre 3000 har kome til Noreg i år. Ho vil heller hjelpe folk i nærområda. Listhaug har vore i flyktningleirar i sør-Europa. Men Breivik synest ikkje det er nokon verdig stad å vekse opp.

– Kan me akseptere at Noreg synest det er greit at hundretusener av menneske lever, og barn veks opp, bak piggtråd, i kontainerar i Tyrkia, spurte Breivik, men ingen i kommunestyret tok ordet etter innlegget hennar.

Ingen har ein draum om å kome til Noreg

Ho hadde også sett Unicef-gallaen på TV, der Unicef verva fadrar til gode prosjekt verda rundt. Skodespelar Torbjørn Harr hadde vore i ein flyktningeleir i sør-Europa. Ingen han hadde snakka med hadde eit mål om å kome seg til Noreg, noko Harr skal ha kommentert med "Noreg er altså ikkje lenger ein nasjon ein vender seg til når ein er i naud".

Desse orda har Breivik tenkt mykje på. Ho kjenner seg ikkje komfortabel med det.

Trist sak

Breivik er ikkje samd i at behovet for å ta imot flyktningar og busette dei er mindre. Det er berre Noreg som vil ta imot færre, såleis er dette ei trist sak.

– Ulstein kommune har eit godt apparat for å ivareta, integrere og gje opplæring til våre nye landsmenn, men færre enn me tenkte skal no få nytte av desse ressursane.

– Skal ikkje sitje stille og godta

Avsluttingsvis sa Breivik at ho saknar modige politikarar, også frå eige parti, som står opp for uretten som ho meiner blir begått av menneske på flukt i dag.

– Kvifor sit ein stille og godtek? Heldigvis rører det seg i folket no, om det ikkje gjer det i regjering og storting, og det positive engasjementet ungdom viser.

– Har gløymd 22. juli

Til Vikebladet Vestposten seier Marianne Breivik at ho tok ordet i denne saka for ho synest det er for få politikarar som gjer noko.

Vidare kommenterer ho at det verkar som me har gløymd 22. juli og motivet for ugjerninga og kvar gjerningsmannen henta inspirasjon og motivasjon. Me har gløymd kjærleiken og samhaldet me var opptatt av etter udåden.

– No er det fritt fram for å omtale "dei andre" som både det eine og andre, ikkje som menneske med ein verdi. Hatet blømer igjen...