For å få gjennomført eit opningsarrangement må Ulstein Arena få tilført ekstra pengar. Vanlegvis ligg denne kostnaden til prosjektet, men sidan kostnader utover vedtekne rammer for Ulstein Arena skal godkjennast politisk, blir saka lagt fram for formannskapet 17. oktober.

Rådmannen foreslår å løyve 60 000 kr. Arrangementet blir i sakspapira skildra som eit nøkternt og enkelt arrangement. Det vil bli ei markering både for inviterte gjestar og for ålmenta.