– Det er veldig kjekt å få nye lokale. Då vert det plass til endå fleire, så eg håper fleire vil kome, fortel Ulstein.

Ho har mellom anna lagt ned stor innsats for å måle veggane i lokala. Då lokalavisa var innom torsdag, hadde Solveig Marie teke på seg å passe ein av dei yngste i kyrkjelyden: Abel Nygjerde.

– Eg er fødd og oppvaksen i Filadelfia, så eg kjenner meg veldig heime her. Det er nesten så eg kunne ha overnatta her, ler ho.

Stor dugnadsinnsats

Filadelfia har vakse ut av kyrkja i Bjørndalsvegen og har difor leigd to etasjar i det gamle Bunnpris-bygget.

Forstandar Arnt Vidar Ulstein fortel at ein stad mellom femti og sytti personar har engasjert seg i arbeidet med å pusse opp lokala og gjere dei klare til opning i helga.

– Innsatsen deira er umogleg å måle i pengar, seier han.

Kyrkjelyden har i dag 136 medlemmar, der mellom 80 og 100 er aktive. Ifølgje Ulstein er det vanleg at seksti medlemmar og ein del ikkje-medlemmar kjem på møta i kyrkja.

No trur han på auke i medlemstalet.

– Ja, det er garantert at det kjem fleire no når vi flyttar inn her. Dei siste ti åra har medlemstalet auka med mellom 25 og 30 prosent, fortel han.

Skal bygge ny kyrkje

I dei gamle lokala var det 93 sitjeplassar. No er det plass til 150. Forstandar Ulstein fortel at leigeavtalen i utgangspunktet er inngått for sju år. Planen er å bygge ny kyrkje i Bjørndalsvegen, men det er uklart kva tid ho kan stå ferdig.

– Vi ventar på planprosessen i kommunen, fortel han.

Ulstein er oppteken av at Filadelfia skal vere ei open kyrkje.

– Vi vil vere samfunnsbyggarar, nokon som bidreg positivt, seier han.

Lovsongsdans

Arnt Vidar Ulstein seier det vert mykje musikk og helsingar frå inviterte gjester under opninga søndag.

Solveig Marie Ulstein gler seg til å vere med på ungdomstreff kvar laurdag, og på sjølve opninga søndag har ho ei spesiell rolle.

– Ja, då skal ei venninne og eg danse ein lovsongsdans vi har laga sjølv.

dugnad: Før helga var det full dugnadsaktivitet i dei nye lokala. Forstandar Arnt Vidar Ulstein til venstre. FOTO: Linda Eikrem Foto: Linda Eikrem
sentrum: Pinskekyrkja leiger lokala der Bunnpris heldt til før. Søndag opnar dei nye lokala i Ulsteinvik sentrum. FOTO: Linda Eikrem Foto: Linda Eikrem