– Eg elskar å lage mat. I over 30 år laga eg mat i heimlandet mitt Iran, og no gler eg meg til å lære nordmenn litt om denne rike matkulturen, seier Niloofar Mollahosseini til Vikebladet Vestposten.

Saman med ektemannen Mahmoud Pourkhodakbakhsh og borna deira skal Niloofar servere fleire rettar frå det iranske kjøkken. Både varmmat og kaker står på menyen. Niloofar har ved fleire høve tidlegare hjelpt til under arrangement ved Bakargarden i Ulsteinvik, og skal no prøve å servere mat frå heimlandet i dei same lokala førstkomande laurdag.

– Eg er veldig spent på om ulsteinvikarane og andre som kjem likar maten, men eg trur det er mange som er litt nysgjerrige på kva den iranske matkulturen har å by på. Eg kan uansett garantere at det iranske kjøkken er eit vell av spanande smakar, seier Niloofar Mollahosseini.

Ho fortel at dersom det viser seg å slå an førstkomande laurdag, kan det bli aktuelt å prøve fleire gonger.

Konditor og kokk

Niloofar og familien fekk faktisk denne veka beskjed om at dei har fått permanent opphald og dermed får busetje seg kvar dei vil i Norge. Dei ønskjer først og fremst å bli verande i Ulstein framover. Familien flykta til Norge og Ulsteinvik for seks år sidan. Heimlandet Iran var ikkje lenger trygt.

– Det var mykje som ikkje var som det skal i Iran. Vi er veldig glade for å vere her i Norge no, og takksame for at vi no har fått opphald, seier Niloofar.

Ho har sett seg eit mål om å kunne leve av matlaging i framtida. I heimlandet jobba Niloofar som kokk og konditor, og har fleire fagbrev. Men det held ikkje i Norge, då det er heilt andre reglar som gjeld her.

– Eg har ein draum om å kunne undervise i matlaging og matkultur ein gong i framtida. Kanskje gjennom min eigen privatskule. Men først har eg tenkt å få meg ei norsk utdanning, då helst innan matfag. Eg må ha alt på stell for å kunne utøve faget mitt i Norge, og det er det eg ønskjer mest av alt no, seier ho.

– Kanskje kan eg starte min eigen kafé eller restaurant ein gong. Eg er uansett spent på kva som skjer førstkomande laurdag, seier Niloofar til slutt.