Det var under eit frakteoppdrag for Ulstein Betongindustri på Haddal at ein 60 meter lang lekter tilhøyrande Kristiansund Taubåtservice sokk på Haddalvika. Lekteren enda på havbotnen snaue tre meter frå ei ny vassleidning. Ulstein kommune kravde inspeksjon.
Uskadd
Stridh Sub Sea frå Hareid som også hjelpte til med hevinga av lekteren, har no gjennomført ein kontroll av vassleidninga, og levert ein dykkerapport til teknisk etat i Ulstein kommune.
Her fortel dagleg leiar Morten Stridh i Stridh Sub Sea, at dykkarar tok ein inspeksjon 4. november, kor det syner seg at vassleidninga er uskadd.
– Dykkinga var gjort etter arbeidsmiljølova sine reglar, og var utan uhell eller uønska hendingar. Dykket vart gjort i godt dagslys med god sikt i vatnet. Leidninga vart oversymt og filma frå ei djupne på 40 meter, skriv Stridh i ein rapport til teknisk sjef Odd Kåre Wiik i Ulstein kommune.
Stridh konkluderer med at lekteren ikkje har vore i kontakt med vassleidninga, og at lodda på havbotnen som held den på plass ikkje har flytta på seg.
– Dette ville gitt tydelege furer i mudderet, avsluttar Stridh.