Berre i Ulstein kommune syner det seg at hjarte- og karsjukdommar er meir utbreidd enn elles i landet, vurdert etter talet pasientar behandla i sjukehus.

Utbreiinga av type 2-diabetes, målt ved bruk av legemiddel, er ikkje eintydig forskjellig frå landsgjennomsnittet for aldersgruppa 30–74 år.

Men både Frisklivssentralen, Apotek 1 og Stamina HOT fryktar at fleire i risikogruppa har – eller er i fare for å få diabetes. Difor arrangerer Frisklivssentralen i Ulsteinvik stand saman med Apotek 1 på Blåhuset og Stamina HOT for å opplyse og orientere om livstidssjukdommen diabetes, i høve verdas diabetesdag.

Sjekkar blodsukkeret

Onsdag 14. november vert dei difor å finne på standen sin utanfor Apotek 1 på Blåhuset i Ulsteinvik.

– Apotek 1 tok kontakt med meg og oppmoda til å setje opp stand saman med Stamina HOT i høve diabetesdagen. Diabetes går hand i hand med målsetjinga til Frisklivssentralen, kor fokuset er retta mot folk si helse. Det gjer det også for Stamina HOT, som arbeider med helse og trening, fortel leiar Kjersti Vengen Jensen i Frisklivssentralen i Ulsteinvik.

Onsdag 14. november ynskjer dei primært å opplyse om diabetes og Diabetesforbundet, men håpar også at folk let seg teste for diabetes ved å måle blodsukkeret.

– Folk må ta ansvar for si eiga helse. Det er ingenting som er feil ved å ha diabetes, men dei må unngå at sjukdommen vert verre. Her får den som vil teste seg med det same, og eventuelt få oppfølging. Eg håpar mange tek turen innom standen vår, avsluttar Vengen Jensen.

Hjarteinfarkt

Diabetesforbundet skriv at mange ikkje veit at dei har diabetes før dei vert akuttinnlagt på sjukehus med hjarteinfarkt.

I Noreg har meir enn ein halv million menneske diabetes type 2, eller er i faresona for å utvikle sjukdommen. Diabetes type 2 oppstår om vedkomande er arveleg disponert, ofte i kombinasjon med usunne levemåtar og lite mosjon og overvekt.

Verdas diabetesdag vert arrangert over heile landet og heile verda 14. november. Diabetesforbundet oppmodar alle til å ta del i denne markeringa.