Det blir freista med svært høg surfefart når dei første basestasjonane med 4G-teknologi no er installerte i Hareid, Herøy og Ulstein.

– Sjå her no, så skal vi sjå kva fart vi får. Vi står ved busshaldeplassen i Ulsteinvik sentrum, og dekningssjef Tommy S. Johansen er tydeleg stolt når han skal demonstrere det nye, lynraske mobilnettet til Netcom.

Han tek fram nettbrettet sitt og køyrer ein test av nettverket. Resultatet er ei nedlastingsfart på 45,31 megabit per sekund. Talet seier nok mykje for nokre og lite for mange. Til samanlikning så er dette tal som er fullt på høgde med hastigheitene Tussa leverer til privatkundar med tilgang til det fiberoptiske nettet.

Når vi køyrer den same testen innandørs, får vi eit lågare resultat. Men også her leverer det nye mobilnettet fart på høgde med fastmonterte linjer.

Storstilt utbygging

Både Netcom og Telenor er i gang med utbygging av mobilnett med høg fart. Telenor har førebels satsa på å bygge ut i og rundt dei store byane. Netcom er den første operatøren som tilbyr 4G på Sunnmøre.

– Vi opna nettet i Oslo i 2009 og i dei andre storbyane i 2010. No er vi i gang med å bygge ut nordover frå Sognefjorden og sørover frå Trondheim. Og no har vi opna dei første basestasjonane på Sunnmøre, seier dekningssjef Johansen til Vikebladet Vestposten.

Basestasjonar er antenner som er plasserte rundt om for å sørgje for at vi har mobildekning. Desse må oppgraderast for å kunne ta imot 4G-signal.

4G-nettet blir brukt til datatrafikk, ikkje til å ringe. Det betyr at telefonar med 4G vil nytte seg av det gamle nettet til telefonering, og det nye nettet til å surfe, lese e-post og så vidare.

Nokre av basestasjonane i Ulsteinvik, Hareid sentrum og Fosnavåg er allereie oppgraderte, og alle desse stadene har allereie fått 4G-dekning. Netcom lovar at fleire stasjonar får 4G innan kort tid.

Fleire småbygder kan få superfart

– Men kva med dei små bygdene som kanskje ikkje kan bruke internett på mobilen i dag?

– Dei frekvensane vi nyttar i dag er mest eigna til å sende signal over kortare avstandar. Men det skal likevel vere muleg å ta inn 4G i mange av bygdene på Hareidlandet og elles i regionen, svarer Johansen.

Om kort tid skal Samferdsledepartementet legge 800 megahertz-bandet ut på auksjon. Dette er den såkalla “indrefileten” i mobilnettet, og ved å nytte desse frekvensane vil mobiloperatørane kunne tilby 4G-fart over større geografiske område.

– 4G-dekninga blir veldig mykje betre med ein gong vi får nytte dette frekvensbandet. Basestasjonane blir klargjorde for 800 megahertz når vi oppgraderer dei, så vi er på lufta så snart vi har lisens frå departementet, er meldinga frå Johansen.

– Nokre hevdar jo at LTE-teknologien, som Netcom og Telenor nyttar, ikkje oppfyller krava til 4G?

– Dette er eit litt teknisk poeng. Eg meiner det viktigaste er farta. Det nye nettet er fleire gonger så raskt som både 3G-nettet og breibandet i mange heimar. Enkelte vel til og med å droppe breibandet heime heilt, og berre nytte mobilnettet, forklarer Andersen.

Han meiner rørsla bort frå vanleg breiband mot mobilt breiband har årsak i at folk går bort frå stasjonære datamaskiner, og heller nyttar mobiltelefonar, nettbrett eller berbare maskiner.

Lovar god kapasitet

– Er 4G nettet i stand til å levere høg fart også når mange er inne og surfar samstundes?

– Mobildata er sjølvsagt ein delt ressurs, men operatørane overvakar kapasitetsbehovet kontinuerleg og skrur opp “kranene” inn til basestasjonane når det er stor pågang. For Ulsteinvik sin del vil det kome tre basestasjonar med 4G i tillegg til den vi allereie har oppgradert. Desse vil vere overlappande slik at den totale kapasiteten blir betra, argumenterer dekningssjef Tommy S. Johansen.

LES MEIR: Telenor lovar å kome seint, men godt.

LES MEIR: Førebels ikkje til Iphone

Kartet viser dekninga til 4G-nettet til Netcom på Ytre Søre Sunnmøre. Grønt tyder 4G, medan lilla tyder 3G.