Som Vikebladet Vestposten rapporterte i april, er Seven Viking nominert til Årets skip. I fylgje Teknisk Ukeblad er Seven Viking også den store favoritten til å stikke av med prisen under Ship of the Year 2013. Prisen vart etablert av magasinet Skipsrevyen tilbake i 1997.

Seven Viking er eigd av Eidesvik Offshore og Subsea 7, og vart bygd av Ulstein Group i Ulsteinvik. Det 106,5 meter lange skipet har i fylgje Teknisk Ukeblad vore i drift for Statoil sidan februar.

I fylgje Skipsrevyen sine nettsider er det Asle B. Strønen frå Skipsrevyen, Rolf Sæther, tidlegare administrerande direktør for Norges Rederiforbund, og Birger Skår, administrerande direktør for Norske Skipsverft salgs- og markedsføringsorganisasjon som er jury for kåringa. Prisutdelinga foregår 4. juni.

Les også: Nominert til Årets skip

Les også: Facebookstorm for "Seven Viking"