Årets frivilligpris på Hareid gjekk i år til ein trufast deltakar i det frivillige arbeidet dei siste 40 åra.
Prisen vart delt ut onsdagskvelden, på sjølve den internasjonale frivilligdagen. Arrangementet var lagt til Vinterhagen på Hadartun.
– Her bur mange som ikkje kjem seg så lett andre stader, så får heller andre kome hit, kommenterte Signe Bjåstad, som er leiar for Frivilligsentralen i Hareid.
I tillegg til prisutdeling var her fint program med musikk og opplesing.
Årleg prisutdeling
I samarbeid med Sparebanken Møre Hareid og Hareid kommune deler Frivilligsentralen årleg ut Frivilligprisen. Prisen kan tildelast enkeltpersonar eller lokale lag / foreiningar som har utmerkt seg ved ein særskild innsats i det frivillige arbeidet i Hareid kommune. Prisen skal synleggjere det frivillige arbeidet sin store verdi for lokalsamfunna i kommunen.
Komiteen som avgjer kven som skal få prisen har også i år hatt mange verdige kandidatar å velje mellom.
Dei var glade for å dele ut prisen til nettopp Borgny Jensen. Som Signe Bjåstad sa det er ho truleg den kandidaten som har vore frivillig i flest år.
Det var ordførar Anders Riise som delte ut prisen.
Ein innsats det står respekt av
Årets prisvinnar har vore ein trufast deltakar i det frivillige arbeidet i Hareid.
– Dei siste 40 åra har kandidaten gjort ein innsats det står stor respekt av. Frå 1970-talet og til i dag har kandidaten stilt opp, alltid med eit JA til svar når saker skal gjennomførast og det er spørsmål om innsats, sa Riise.
Innsatsen til Jensen i det kulturelle, frivillige arbeidet i kommunen har vore på fleire felt.
Ulstein og Hareid lag av LHL vart starta i 1982, og kandidaten har vore med i dette laget i 30 år, dei fleste åra som leiar.
Borgny Jensen har også gjort ein framifrå lang og framifrå innsats i Frivilligsentralen. Ho har arbeidd i styret i om lag 10 år, alltid stilt opp og hjelpt til i dei ulike aktivitetane, mellom anna med Internasjonal Kvinnegruppe og på Eldretreffet.
Det har alltid vore ja i hennar munn når det er spørsmål om hjelp til ulike aktivitetar.
Ho har vore songar i Hareid blandakor frå 1970, dei siste 12–13 åra også kasserar.
Ho har alltid stilt opp til arrangement, store eller små, svært påliteleg og ansvarsfull i alle tiltak ho har vore med på.
– Denne innsatsen i det frivillige Hareid gjennom mange år meiner komiteen kvalifiserer meir enn nok til å få Frivilligprisen 2012. Som takk for den innsatsen som prisvinnaren har gjort for innbyggarane i Hareid kommune, vert Frivilligprisen 2012 tildelt Borgny Jensen, erklærte ordføraren og Jensen kom opp og tok i mot prisen og blomar.
– Eg har sagt ja for at eg har likt det
– Eg lurer på kven som har funne på ditta tullet, opna Borgny Jensen takketalen sin med.
Ho sette tydeleg pris på å få denne prisen. Prisvinnaren takka fint for prisen og presiserte at ho har sagt ja til å stille opp, for at ho har likt å kome seg ut å stille opp for andre.
Jensen kom inn på at ho diverre har vore sjuk det siste året, noko som kjem av at ho er gamal, då har det ikkje vore så lett å seie ja.
– Du er vel verd denne prisen, slo Signe Bjåstad fast.