Onsdag 14. og torsdag 15. august får lærarar frå Ulstein og Hareid ta del i eit kurs, der målsetjinga er å førebygge problemåtferd og rusmisbruk blant elevar i skulen.
Auka sjølvtillit
Kurset har namnet “Det er mitt valg”. Undervisningsopplegget legg vekt på førebyggjande arbeid, blant anna ved å utvikle skule- og læringsmiljøet til born si sosiale kompetanse. Her får born og unge trening i å ta ansvar, kommunisere, få auka sjølvtillit, ta avgjersler og setje seg mål.
Det er muleg å invitere deltakarar frå politi- og lensmannsetaten, helse- og sosialtenesta, ungdomskontakt eller ungdomsarbeidar. Instruktør for kurset er Trond Rekstad.
Stort samfunnsproblem
– Bruk av rusmiddel representerer eit stort samfunnsproblem med aukande vald og kriminalitet. Born og unge er spesielt utsett gjennom eksperimentering og påverknad frå ruskulturen. Difor er det viktig å satse så tidleg som muleg på førebyggjande arbeid, fortel DMV (Det er mitt valg) på si heimeside.
Opplegget er teori- og forskingsbasert, og er laga ut frå eit primærførebyggjande perspektiv med vekt på langsiktig og systematisk arbeid. Det er lagt vekt på moderne førebyggingselement der sosiale, emosjonelle, kognitive og åtferdsmessige evner inngår. Målgruppa for kurset, er heile læringsmiljøet der dilemma og gruppepress blir teke opp.
Det er Lions Norge, avdeling Ulstein og Hareid som står bak kurset som blir gjennomført for lærargruppa i Ulstein og Hareid.