Like etter klokka 04.00 i natt stoppa politiet ein bil på Hareid. Dei mistenkte at føraren, ein mann i 30-åra, køyrde med promille.

Mannen bles positivt på ei utandingsprøve og vart tatt med til legevakta for å gjennomføre ei blodprøve.

Politiet melder føraren for forholdet. Vedkomande må inntil vidare klare seg utan sertifikat.

*

Tidlegare på natta vart to damer i 20-åra meldt for å ha drukke alkohol på eit offentleg område i Ulsteinvik.