13. februar 2013 blei det gjort eit vedtak i teknisk utval, med tiltak som måtte vera på plass før Saunesvegen kunne takast i bruk som omkøyringsveg i samband med utbygginga av Sjøgata i Ulsteinvik. I dag let fleire av desse tiltaka vente på seg medan trafikken pressar seg gjennom Saunesvegen. Statens vegvesen skuldar på misoppfatningar blant entreprenørar og nektar for at dei rekna for kort tid til nødvendige førebuinga i framkant av prosjektet.
Viktig for mjuke trafikantar
I vedtaket ligg det vedlagt eit notat etter ei felles synfaring Statens vegvesen og Ulstein kommune hadde i Saunesvegen før prosjektet hadde oppstart. I notatet står ei rekkje tiltak som i hovudsak skal sikre mjuke trafikantar si ferdsle gjennomn Saunesvegen. Det er her manglane ligg.
Den første mangelen er kravet om at heile Saunesvegen skal vere merkt med kvitmåla kantliner. I dag er det berre eine vegsida opp Saunesbrauta som har fått ei slik line. Resten av vegen byr ikkje på noko skilje mellom mjuke og harde trafikantar. Vidare blir det sett krav om at det skal setjast opp ein såkalla “miniguard” (stålskinne) på delar av strekninga. Heller ikkje denne har kome på plass.
Vidare kan vi lese at armaturen på vegljosa skulle vore skifta til ein sterkare type, som gir betre ljos. Ifølgje Statens vegvesen er dette ei oppgåve ein av entreprenørane skulle utføre, men som ikkje har blitt gjort.
I førebuingsperioden før arbeidet med Sjøgata starta opp, vart store delar av Saunesvegen asfaltert opp på nytt for å tåle belastninga av trafikken. Eitt av krava var å asfaltere heilt ut til murane opp langs heile Saunesbrauta. I dag er det berre asfaltert inn mot betongmuren der Europris-butikken ligg. Det gjer at fotgjengarar har knappe 30–40 centimeter å bevege seg på, med mindre dei vil tråkke i grøfta.
Tek sjølvkritikk
Då Vikebladet Vestposten legg fram manglane for Statens vegvesen sin prosjektleiar for Sjøgata, Torbjørn Vatnehol, legg han til ei forklaring.
– Det har skjedd ein del misoppfatningar blant entreprenørane som har gjort at enkelte ting framleis ikkje har kome på plass. Når det gjeld kantlinene, fekk entreprenøren problem med utstyret som målar linene. Så det var dette vi rakk i første omgang. Når det gjeld “miniguard”, er vi framleis ikkje sikker på om den gir den effekta vi ynskjer. Men er det behov for ei slik stålskinne, vil vi setje den opp. Vi har den liggjande om den trengst. Elles har vi vore prega av låg kapasitet som følgjer av ferieavvikling. Det meste er avtalt å kome på plass allereie neste veke. Vi ser korleis det går etter kvart, slår Vatnehol fast.
– Entreprenørane får mykje av skulda. Er det ikkje vanleg at også Statens vegvesen kan gjere feil?
– Det einaste eg meiner er kritikkverdig for oss i denne saka er at vi ikkje har fått på plass skilt som fortel at fartsgrensa i Saunesvegen er 40 kilometer i timen. Men dette kjem på plass ganske fort, fortel Vatnehol til Vikebladet Vestposten på torsdag.
Fredag morgon var 40-soneskiltet synleg montert på ein stolpe ved inngangen til Saunesvegen.
Manglane i Saunesvegen har ikkje kome på plass grunna mindre uhell med teknisk utstyr og i påvente om tiltaka faktisk er nødvendige. Vatnehol lovar utbetringar om det trengst.
Ute i ferie
Vikebladet Vestposten prøvde torsdag å kome i kontakt med avdelingsleiar Odd Kåre Wiik i teknisk etat, og kommunalsjef Arne Runar Vik om manglane i Saunesvegen. Dei har begge signert vedtaket. men er ute i ferie og utilgjengeleg for spørsmål.
Andre representantar frå teknisk etat kommunen kjende ikkje situasjonen i Saunesvegen godt nok, og ville ikkje gje nokon kommentar utover dette.