Medan vegbygginga i Holseker går sin gang, held striden mellom Ulstein kommune og grunneigarane rundt vegen fram.

Ulstein kommune ønskjer å kjøpe grunnen for å legge til rette for bustadområde. Grunneigarane godtek å selje, men har ikkje vore nøgde prisen Ulstein kommune har tilbode.

I 2012 vart prisen vurdert av Sunnmøre tingrett. Dei vurderte eigedomane etter utnyttingsgrad og plassering, og sette ein individuell kvadratmeterpris for kvar tomt. Denne varierte mellom 350 og 550 kroner per kvadratmeter.

Gjennomsnittspris

Lagmannsretten var ikkje samd i vurderingane til tingretten. I overskjønnet har retten funne det best å fastsetje ein gjennomsnittleg kvadratmeterpris for heile området, og pålegge Ulstein kommune å betale erstatning til grunneigarane utifrå denne satsen.

– Det einaste realistiske alternativ er (...) at utbygginga av området blir overlate til ein eller fleire utbyggarar gjennom eit samla sal. Ein profesjonell utbyggar ville (...) neppe differensiert prisen mellom ulike areal til eigarane, men betalt ein lik råtomtpris for alt areal innanfor utbyggingsområdet, argumenterte retten.

Den vurderinga var advokaten til Ulstein kommune samd i. Grunneigarane meinte at verdien til tomtene varierer så mykje at ein burde vurdert kvar eigedom kvar for seg.

350 per kvadratmeter

– Prisen skal baserast på kva vanlege kjøparar vil betale for arealet ved frivillig sal, skriv lagdommar Knut Røstum i overskjønnet.

Skjønnsmedlemmene har sett på kva prisar som er oppnådde ved sal av samanliknbare eigedommar.

I tillegg har retten sett på skjønnet for tomteprisen i Vikemarka. Her sette Sunnmøre tingrett gjennomsnittsprisen til 320 kr per kvadratmeter.

– Det er ikkje lett å samanlikne områda, men Holsekermarka vil utvilsamt vere eit attraktivt område både utifrå plassering og nærleiken til sentrum, skriv Røstum.

Etter ei samla vurdering sette lagmannsretten kvadratmeterprisen til 350 kroner i Holsekermarka.

To fekk eigen behandling

To bebygde eigedommar i Holseker har avsett delar av eigedommen til bygging av den nye innfartsvegen.

Eigedommane blir også ifølgje retten si vurdering mindre attraktive på grunn av vegbygginga.

Desse vart behandla separat av lagmannsretten, og erstatninga vart sett til 250.000 og 400.000 kroner.

For eigedommane som ikkje er regulerte til bustadføremål er kvadratmeterprisen sett til 8 kroner. Det er same pris som i skjønnet frå tingretten.

Ulstein kommune må også betale advokatkostnadene til grunneigarane. Dette utgjer i overkant av 200.000 kroner til saman. Alle andre lovbestemte utgifter ved overskjønnet må også dekkast av Ulstein kommune.

PS: Overskjønnet kan berre ankast til høgsterett om det er grunnlag for å hevde at rettsbruken eller sakshandsaming er feil. Ankefristen er éin månad etter dommen er forkynt.