Selvågtunnelen fekk strykkarakter etter ei felles synfaring.
Ulstein brannvesen, saman med Volda brann og redning og Ørsta brannvesen, gjennomførte branntilsyn i Selvågtunnelen mellom Eiksund og Haddal 4. juni i år.
Utdatert
Det vart konstatert under synfaringa at tunnelen ikkje er oppdatert i samband med Statens vegvesen sin eigen nasjonale plan.
Dette er eit avvik frå Førebyggandeforskrifta §2-1, som fortel at alle tunnelar i Noreg skal verte oppdatert innan 2019.
Under intervjuet kom det fram at det er behov for oppgradering av tunnelen, også med omsyn til branntryggleiken. Vidare vart det sagt at Selvågtunnelen har høg prioritet med omsyn til oppgradering av tunnelar på Sunnmøre, der tidspunkt for ferdigstilling ikkje er fastsett.
Det vart også notert ein merknad under den felles synfaringa. Denne merknaden fortel at risikovurderinga i Selvågtunnelen er over ti år gamal. Siste berekninga for tunneltryggleik vart utført i 2002.
Prioriteringsliste
Terje Dyrø, sakshandsamar ved driftsseksjonen ved Statens vegvesen i Ålesund, fortel at Selvågtunnelen no blir plassert i ei prioriteringsliste på arbeid må utførast.
– Sidan Selvågtunnelen er fylkesveg, er det Møre og Romsdal fylkeskommune som eig den. Statens vegvesen står som forvaltar. Avvika i Selvågtunnelen blir no plassert i ei prioriteringsliste. Den blir utbetra så snart politikarane løyver pengar til det, seier Dyrø.