38 arkitektfirma søkte om å få delta i arkitektkonkurransen om ny kyrkje i Ulstein.

Blant desse har Ulstein kyrkjelege fellesråd valt ut fire firma som skal teikne kvart sitt konkurranseutkast.

- Besøkstalet ved gudstenestene i Ulstein kyrkje er blant dei aller høgaste i landet. Kyrkja, som ligg i Ulsteinvik sentrum, er frå 1849. Det trengst no større og meir praktiske lokale til det omfattande arbeidet kyrkja driv i lokalsamfunnet. Den nye kyrkja skal byggast ved den 166 år gamle trekyrkja, står det i ei pressemelding frå Ulstein sokn.

Stilreint bygg

– Det er eit ønske om eit stilreint og vakkert bygg, som finn si plassering i harmonisk samspel med den nedlagde kyrkjegarden og eksisterande kyrkje, med ein felles og inviterande «kyrkjebakke», heiter det i konkurransegrunnlaget frå Ulstein sokn.

Norske Arkitekters Landsforbund er konsulent for arbeidet med konkurransen om ny kyrkje.

Brei erfaring

Blant merittane til dei fire arkitektfirmaa som skal delta i konkurransen finn vi både kyrkjer og ei rekke andre offentlege bygg:'

Link står bak fleire kyrkjer som er bygde i Noreg dei siste åra, til dømes Ålgård kyrkje, Hønefoss kyrkje og Nordlyskatedralen i Alta.

www.linkarkitektur.com·

Ratio/HBA har blant anna vore arkitektar for Bøler kyrkje i Oslo og eit kyrkje- og kulturhus i Frogn.

www.ratioark.no www.hba.no·

Snøhetta har, i tillegg til verdskjende bygg som biblioteket i Alexandria og operaen i Oslo, teikna blant anna Petter Dass Museum ved Alstahaug kyrkje og Rauland fjellkyrkje.

www.snohetta.com·

Espen Surnevik har blant anna teikna Våler kyrkje, Austre Porsgrunn kyrkje og Trekroner kyrkje i Danmark.

www.espensurnevik.no