Ulstein Vidaregåande skule har vore i vekst, og talet på reisande med buss morgon og kveld har auka. Det er ikkje busslomme på austsida for bussar som skal nordover, og det er berre plass til to bussar på lomma på vestsida. Der trengst det eigenleg plass til åtte bussar om ettermiddagane. Om morgonen fordeler trafikken seg meir over tid.

No vil Ulstein kommune lage større busslomme for å auke trafikktryggleiken ved skulen.

Rådmannen føreslår for formannskapet at dei løyver 165 000 kroner til føremålet i 2015. Føresetnaden for at formannskapet løyver pengane er at fylkeskommunen løyver tilsvarande sum som eit spleiselag.

Ulstein formannskap har møte i morgon, 17. november. Då skal denne saka opp.

Seinare i veka, torsdag, 19. november, skal Ulstein kommune ha møte med vegvesenet og fylkeskommunen om trafikktryggleiken ved Ulstein vgs. Det blir også arbeidd med å få på plass ei rundkøyring.