Ein periode var det reine folkevandringa til Flø på 3. juledag. Urd hadde fare forbi, og berre dønningane frå havet var att.
Slike tilstandar er reine paradiset, og mange kom med surfebrett for å teste eigne ferdigheiter og bølgene som braut temmeleg langt ut.
Men dei fleste kom berre for å sjå på naturkreftene. På trygg avstand frå havet vart dei ståande å sjå ut i det uendelege, som små brikker i den veldige naturen.
Det er Jostein Ulstein som har teke dei flotte bileta.