Det er Sande sogelag i samarbeid med Osberget AS i Ulsteinvik som står bak utgivinga. Boka rommar både ein biografisk del og ei stor samling unike bilde frå Søre Sunnmøre og Nordfjord. Boka har òg ein del nobilde som illustrerer utviklinga på våre kantar.

Olaf Storegjerde var ikkje først og fremst ein studiofotograf som tok imot kundane i sitt faste atelier. Han gjorde det også, men verksemda hans var i stor grad oppsøkande. Han var stadig på reisefot med båten sin, til fots eller på sykkel. Ville han på jakt etter eit spesielt motiv, var han ikkje redd for legge i veg. Det er derfor samlinga etter han er så allsidig og unik.

Asle Geir Widnes Johansen har skrive den biografiske delen, og Hildegunn Welle i Osberget AS står for utforming og design. I arbeidsgruppa har Kjell Ove Vasstrand, Arthur Vestnes, Hilde Brune Nystøyl, Marte Storegjerde og Rune Oksavik sete.

– Bokutgivinga er ein milepæl for alle oss som sidan 1980 har arbeidd med å avfotografere og samle informasjon om denne unike fotosamlinga etter Olaf Storegjerde. Vi trur at alle som skaffar seg denne praktboka, vil få eit kulturminne som er gull verdt, seier Arthur Vestnes. Han er ein av pionerane i arbeidet med Storegjerdesamlinga. Sande Sogelag vil ha bokstand under Sandemessa i helga.

Fotograf Olaf Storegjerde (1879 – 1958) hadde sitt virke i ein periode på over 50 år, frå kring 1904 til 1957. Han vart fødd i Hallebygda ved Larsnes, der han budde fram til 1940 då han flytta til Ulsteinvik. Opplæringa si fekk han i Trondheim rundt 1903.

Fotosamlinga etter han representerer eit stort og verdfullt fotohistoriske materiale frå Søre Sunnmøre og Nordfjord. Samlinga omfattar over 7000 bilete med eit overveldande mangfald i motiv som dokumenterer nær sagt alle område i samfunnslivet. Mange av bileta representerer fotografiets tidlege historie i vår del av verda.