Representantar frå driftsoperatøren Link, Søre Sunnmøre statlege mottak, fleire kommunestyremedlemmar og bygdefolk var samla i kommunestyresalen på Ulstein rådhus onsdag kveld. Det som starta med ein gjennomgang av korleis mottaket blir drive, og då spesielt retta mot mottaket for einslege mindreårige asylsøkjarar (EMA), gjekk etter kvart over i ein til tider oppheita diskusjon kring det som skjedde tidlegare i vinter, då to einslege mindreårige asylsøkjarar blei meld av ei jente ved ungdomsskulen for seksuell trakassering. Det har i tillegg vore nemnt andre hendingar i samband med denne gruppa asylsøkjarar.

Stemninga mot slutten tilsa likevel at dei som verka mest skeptiske til mottaket, og korleis spesielt kommunikasjonen til og frå det hadde fungert i denne perioden, sette pris på den informasjonen dei no fekk, og at mottaket sjølve fortalde at dei ønskte å bli betre på å gi informasjon.

– Men dette skulle vi visst godt nok tidlegare, det er det som er så synd, sa ein av dei som var til stades i salen.

Informerte om mottaket

Først ut under informasjonsmøtet var dagleg leiar for Link, som er driftsoperatør av Søre Sunnmøre statlege mottak, Hallstein Saunes. Han fortalde om selskapet, og om det lengstlevande mottaket til Link, i Ulsteinvik.

– Vi har vore ein del av dette lokalsamfunnet sidan 2001, og spesielt etter ein slik periode som vi har vore gjennom no, ønskjer vi å gi publikum og kommunen eit innblikk i korleis vi jobbar, sa Saunes til dei frammøtte.

No opnar snart Link sitt mottak nummer 20 i landet, og er allereie Norges nest største driftsoperatør.

– Vi prøvar i størst mogleg grad å vere gode rollemodellar, og å få asylsøkjarane til å forstå og reflektere rundt det samfunnet dei skal integrerast inn i.

– Mottaksleiar Ann-Ingvill Tødenes fortalde så om Søre Sunnmøre statlege mottak, og om arbeidet dei tilsette gjer for at asylsøkjarane skal få ein best mogleg start på opphaldet i Norge, anten dei seinare får opphald eller må returnere til heimlandet. I forhold til dei einslege mindreårige asylsøkjarane var Tødenes klar på at dei gjorde sitt yttarste for at ungdommane skulle forstå korleis dei skulle oppføre seg i Norge.

– Kravet til omsorgsarbeidet i forhold til EMA er massivt. Det er mykje å tilarbeide og mykje å formidle vidare. Vi gjer så godt vi kan, men i forhold til det som skjedde har vi nok ikkje vore gode nok på informasjon. Den eller dei som føler dei treng å fortelje oss noko eller berre snakke med oss, kontakt oss, sa Ann-Ingvill mot slutten av sin presentasjon.

Diskusjon

Det var mellom 50 og 60 frammøtte i salen onsdag kveld, og det blei ganske heit stemning etter eit innlegg frå Høgre-representant Tor Meinseth, der han stilte kritiske spørsmål til handteringa kring hendingane som skal ha funne stad i Ulsteinvik i vinter, og ville ha fokuset over på ein betre informasjonsstraum frå Link og mottaket til bygdefolket, og at jentene skal få gå i fred i sentrum.

– Eg hadde ikkje på førehand trudd at det ville vere eit så stort behov for informasjon, men der har vi teke feil, og det beklagar vi, svara Tødenes til Meinseth og fleire i salen som påpeika det same.

Ann-Ingvill Tødenes avslutta møtet med å fortelje dei frammøtte at Link og Søre Sunnmøre statlege mottak gjerne ønskjer at bygdefolket kjem til dei og snakkar med dei, og at mottaket no for alvor ønskjer å bli betre på informasjon framover.