Brannvesenet, ambulansen og politiet stilte med fleire utrykkingskøyretøy ved småbåtshamna på Hareid laurdag formiddag. Elias-båten dukka også opp til borna sin store fornøyelse.

Borna fekk prøve den store brannslangen på brannbilen og klatra med stor gledje på dei ulike bilane. Blant dei var Julia Helene, Ludvig Andreas og Oscar Johan Rosenberg som er på besøk hjå besteforeldra sine på Hareid.