Datoen for å skifte dekk er det påska som styrer. Første mandag etter påske er datoen som er sett for å skifte over til sommardekk, og i år er dette så tidleg som 4. april.

Samstundes er bilførarane pliktige til å sko seg etter tilhøva.

- Det kan framleis kome nattefrost og vårens siste snøfall har vi neppe opplevd førebels, seier Jan Ivar Engebretsen, rådgjevar i NAF. Han rår difor dei som er avhengige av bilen til dagleg om å vente med å legge om til sommardekk.

- Bilførarane må foreta ei konkret vurdering av om piggdekka også skal nyttast etter komande måndag. Det er omsynet til trafikkleiken som kjem først, seier UP-sjef Runar Karlsen. Han oppmodar folk til å lytte til vêr- og føremeldingar før dei bestemmer seg for å legge om til sommardekk.

-  Utrykningspolitiet lovar en fornuftig handheving i perioden etter påska, held UP-sjefen fram.

- De som vel å legge om til sommardekk no, må være klar over at dei må la bilen stå dersom det vert snø eller om vegen vert glatt på grunn av frost, avslutter Jan Ivar Engebretsen.