Før gudmor Kjersti Bårdsen sende i veg champagnen mot skutesida kom konsernsjef i Kleven, Ståle Rasmussen, med nokre velvalde ord.

– Første kommentarane frå borna då dei kom hit før seremonien var at det var ei veldig flott hoppetrampoline frampå baugen her, sa Rasmussen til latter og smil frå dei frammøtte.

Edda Freya er spekka med avansert utstyr, helikopterdekk, store kraner og mykje anna. Innovasjon og teknologi er to stikkord som har vore framheva i bygginga av det 150 meter lange og 27 meter breie skipet, til ein prislapp på 1,4 milliardar kroner.

Kleven-konsernsjefen ville rette ein stor takk til reiarlaget Østensjø Rederi i talen sin. Edda Freya er det første skipet reiarlaget har tinga frå Kleven Verft.

– Det var ein stor ære for oss at Østensjø ville nytte vår kompetanse og vår kunnskap nok ein gang. No er det berre småtteri som står att, så skal skipet overleverast i slutten av månaden. For Kleven Verft var dette det fyrste skipet vi har bygd for Østensjø, men tilbake i 2003 bygde Myklebust Verft Edda Fonn, sa Rasmussen og la til:

– Vi håpar Østensjø vil vurdere oss igjen om dei har fleire prosjekt på gang, men vi skal ikkje diskutere kontraktar og situasjonen i marknaden no. Dette er slikt vi får ta i baren seinare i kveld, sa han til latter frå publikum.

Les og sjå meir frå dåpen i laurdagsutgåva av Vikebladet Vestposten.