1.660 kommunestyrerepresentantar frå til saman 351 kommunar deltok i undersøkinga gjort for Avisenes Nyhetsbyrå (ANB).

– Alle uansett parti klagar på prosessen. Det høyrer eg på reisene mine rundt i kommunane. Det store prosjektet til regjeringa er blitt ein flopp, seier stortingsrepresentant Heidi Greni (Sp), som meiner det einaste overraskingsmomentet er at ikkje fleire er misfornøgde.

– Regjeringa begynte i feil ende og endra skiljeveggene undervegs. Dersom dette skulle ha blitt ein vellykka reform, måtte oppgåvene komme først og strukturen etterpå, meiner Sp-politikaren.

Greni seier at dei fleste kommunane er fornøgde med strukturen og at regjeringa burde ha gitt lokalpolitikarane meir makt.

Paul Chaffey (H), statssekretær i Kommunaldepartementet meiner regjeringa har komme langt med reforma, men at det framleis står att ein del arbeid.

– At det oppstår usemje, diskusjonar og verserer ulike synspunkt på korleis det skal gjerast, er som forventa. Det er alltid mogleg å diskutere noko som kunne ha vore gjort annleis, føyer han til.

Han er fornøgd med at 52 prosent av politikarane i undersøkinga ønskjer at deira respektive kommunar skal slå seg saman med éin eller fleire nabokommunar.