- Folkelista, med varaordførar Kristian Fuglseth i spissen, har den siste tida drive massiv skremselspropaganda mot kommunereforma. Det overraskar meg at varaordføraren påstår å vite meir enn både regjeringa og KS (kommunesektorens interesse- og arbeidsgjevarorganisasjon) når det gjeld inntektsystemet, seier Håbakk og legg til:
- Stortinget endrar inntektsystemet til kommunane kvart fjerde år. Denne gongen ligg det an til at Hareid kommune kjem tapande ut. Einaste garantien vi har for å halde inntektene som i dag, er ved samanslåing. Då får vi halde på dagens inntekter dei neste 15 åra, med avkorting dei 5 neste. I den eine setninga er økonomi og inntektssystem viktig, i neste setning seier varaordføraren at ein ikkje skal vurdere kommuneøkonomi.
Les også: - Hareid har det best åleine
Les også: – Ikkje forplikta til samanslåing
Håbakk meiner tenestene er det viktigaste å fokusere på.
- Det viktigaste ei kommune skal gjere er å produsere tenester til innbyggjarane. I dette tilfellet må vi spøre oss; er vi nøgde nok med tenestene som Hareid kommune gir per idag? Det er ikkje eg. Vi har fantastiske tilsette i kommunen som gjer ein kjempejobb, men midlane våre strekk ikkje til, seier Håbakk.
Han meiner mellom anna at ein i rådmannen sin handlingsplan for 2016-2019 kan lese at det blir begått lovbrot både innanfor skule- og omsorgssektoren i kommunen.
- I ei framtid med fleire oppgåver til kommunane, og mindre overføringar, korleis skal vi då makte å levere tenester etter lova? Samarbeid med nabokommunane kan vere løysinga, men interkommunale selskap er dyre i drift, og Hareid kommune har tilnærma null påverknad på desse selskapa, seier Håbakk.
- Kva blir prisen for Hareid som eiga kommune?
Framstegspartiet-politikaren meiner at ei eventuell storkommune også kan vere utfordrandre, men at Hareid åleine også vil bli det.
- Det er umogleg å vite kva som skjer i framtida, anten Hareid held fram som eiga kommune eller om vi slår oss saman med ei eller fleire nabokommunar. På denne måten er det ingen garanti at ei ny storkommune vil frede alt av tenesteproduksjon slik den er i dag. Samtundes er det ingen garanti for dette dersom Hareid held fram som eiga kommune heller, seier Håbakk og trekk fram eit døme.
- Eit godt døme på dette har vi frå 2012 då mellom andre Folkelista røysta for å leggje ned ei avdeling med åtte sengeplassar ved Hadartun. Heldigvis vart dette stoppa, men er dette prisen for Hareid som eiga kommune i framtida? spør Håbakk retorisk.
- Dersom Hareid vert ein del av Runde kommune, har alle fem kommunane felles interesse av å bevare barnehagar, skular og sjukeheimsplassar slik som dei er i dag. Intensjonsavtalen slår fast at det vi sparar ved samanslåing skal gå til tenesteproduksjon. I dei komande åra er dette snakk om fleire hundre millionar kroner.
Håbakk håpar at folk nyttar røysteretten sin 19. mai.
- Eg håpar folk nyttar røysteretten sin, slik vi politikarane får eit klart signal om kva vedtak vi skal fatte i kommunestyret i juni, seier Truls Håbakk avslutningsvis.