Tysdag 5.april blir det «Glowparty» på Bell Ungdomsklubb. - Det blir diskotek med DJ, vi arrangerer konkurransar og byr på nokre overraskingar, fortel ungdomsarbeidar Marie Flatin.Denne kvelden kostar det 25 kroner å kome inn. For inngangspengane får gjestane glowstick og høve til å male seg med UV-fargestiftar.- Ungdomsklubben har med økonomisk støtte frå Frifond kjøpt DJ-utstyr. Dette blir testa ut i diskoteket denne tirsdagen. Om ungdommane ønsker det kan vi ha fleire slike glowparty framover, held ungdomsarbeidaren fram.

Saman med dei frivillige ungdommane i Bell sitt crew håpar ho på fullt hus og god stemning tysdag.- Bli med og lage ein super kveld, samstemmer gjengen.