Sunnmøre tingrett har dømt ei ung kvinne frå Ulstein til fengsel i 21 dagar, men med ei prøvetid på to år. I tillegg har ho fått ei bot på 2500 kroner.

Bakgrunnen for straffa er at politiet i mai i fjor fann 5 gram amfetamin, 5 tablettar Xanor, 8 tablettar Rivotril og mindre mengder hasj i leilegheita hennar.

Nokre månder seinare vart politiet tilkalla fordi ho spelte høg musikk, ropte og skreik og slo i veggen. Då politiet kom for å frakte henne til arresten i Ålesund, reiv og sleit ho i kleda til politibetjentane, samtidig som ho kom med svært stygge karakteristikkar av den eine betjenten. Ho var ikkje edru.

Kvinna har erkjent straffeskuld for begge punkta i tiltalen.

Ho er bøtlagd tidlegare, men elles ikkje straffedømt.