Totalt krevja Toll- og avgiftsdirektoratet inn 21,644,815 kroner frå bileigarane i Ulstein og Hareid i form av vegavgift for bil i 2012. Men fleire lot purre på seg.

Skulda nesten to millionar

729 av totalt 8237 bileigarar i kommunane Hareid og Ulstein betalte ikkje vegavgifta i tide, og fekk purring på skuldig avgift.

Av desse er 364 bileigarar tilhøyrande Ulstein, medan 365 er tilhøyrande Hareid. Dei skulda til saman 1,990,131 kroner i vegavgift.

Toll- og avgiftsdirektoratet krevja 12,840,645 kroner frå Ulstein og 8,804,170 frå Hareid.

Hærøy er verstingen

Men verken Ulstein eller Hareid er verstingar. Under innkrevjinga av årsavgifta slurva Herøyværingane mest med å betale for seg.

I Herøy fekk 507 bileigarar purringar til eit samla beløp på 1,386,652 kroner. I Sande kommune hadde 161 skuldige betalarar purringar på eit samla beløp på 431,890 kroner.

Toll- og avgiftsdirektoratet henta til seg 16,212,870 avgiftskroner frå Herøy, og 5,090,665 frå Sande.