Bakarst på parkeringsplassen til Ulstein hotel står den smørblide sykkelsportutøvaren Martin Notøy Nevstad, som i er i full gang med eit juletresal. Det er andre dagen på rad at Nevstad står på juletrestanden sin, som han opna måndag denne veka.
Slår i hel tida
– Det er utruleg kjekt å stå her å sel juletre. Og det er heller ikkje første gongen eg gjer det. Eg tykkjer om å kunne sel slike flotte juletre til folk. Dei vert glad og nøgde.
Han legg til at trea kjem frå Danmark, og at han har tre sortar grantre i containeren sin. Edelgran, gran og Morika-gran.
– Kva får deg til å byte ut sykkelsetet med sal av juletre?
– Dette er jo ein fin måte å slå i hel tida fram mot 2013-sesongen. Dessutan tener eg litt pengar slik at eg kan reise på treningsleir på Gran Canaria. Det er ikkje gratis det heller, flirer han bak ei granbusk.
Han trur han får selt mesteparten, sidan han allereie har seld ein del tre. I containeren har han om lag 200 juletre av gran.
Spennande sesong
På spørsmål om forventingane til 2013-sesongen, svarar han at det vert ein spennande sesong.
– Eg jobbar med ulike ting. I tillegg har eg fått ein del tilbod frå andre sykkelklubbar. Men eg har ikkje bestemt meg for kva eg vil gjere enno, vedgår Nevstad.
Avslutningsvis legg han til at han har ambisjonar om å gjere det stort internasjonalt i framtida, og at han vil nytte ein del av 2013-sesongen til deltaking i internasjonale løp.