Restaureringa er støtta av Riksantikvaren og utført av Fartøyvernsenteret i Nordheimsund i Hardanger. Førstkomande søndag vert ferja overlevert til Fjord1 MRF i sin nye glans. Overleveringa vil skje ved sesongopninga til Fartøyvernsenteret. Arve Røyseth i Brandal, som har vore sterkt engasjert i denne ferja, fortel at ho kjem oppover til pinse - og at ho då blir liggande i Ålesund - men ganske sikkert også i Brandal i visse periodar. Ferja, som er vel 56 fot lang, har passasjersertifikat for 40 personar og skal drivast til blåturar, pensjonistturar og liknande. M/F Bilfergen er ei av dei første bilferjene her i landet. Ho vart bygd av Johan T. Nerhus i 1920-21 i Ølve som fiskekutter. Før kutteren hadde vore på fiske vart han overteken av Aalesund færgeselskap AS. Møre og Romsdal fylkesbåtar eigde ferja frå 1923 til 1960. Frå 1961 til 1972 gjorde ho teneste i sambandet mellom Tofterøy og Steinsland på Sotra. - Om nokon kan tenke seg ei teneste som maskinist på Bilfergen, så ta kontakt med meg, seier Arve Røyseth, som reiser nedover til overleveringa saman med kona.
Nyhende →
"Bilfergen" tilbake til Sunnmøre etter istandsetjing på Fartøyvernsenteret
M/F Bilfergen, den vesle bilferja som låg i Brandal i ein treårsperiode for få år sidan, er i løpet av ein toårsperiode sett i stand til slik ho såg ut i 1934-54. Og no kjem ho heim til Sunnmøre.