Sjølv om russen på Eiksund og i Ørsta heldt bygdefolket vakne i natt, får dei onsdag skryt frå Sunnmøre politidistrikt etter festnatta.

– Vi måtte sjølvsagt dempe høglytt musikk både på Eiksund og i Ørsta. Men det høyrer til at russen oppførte seg svært fint, skryt operasjonsleiar Ole Bjørn Harang.

Hjelp gjerne til

Til Vikebladet Vestposten fortel Harang at det ikkje er uvanleg at dei får fleire telefonar om støy frå russen når datoen nærmar seg 17. mai. Han trur det kan vera ein god ide at vaksne engasjerer seg for å få på plass eit ordentleg opplegg for russen.

– Det er sjølvsagt nødvendig med eit engasjement frå dei vaksne med å hjelpe til å finne eigna plassar for russefest, der støyen ikkje blir noko vesentleg problem. Dei fleste har ikkje noko i mot at dei spelar høg musikk frå bilar om natta. Dette er noko som kan planleggast på førehand av russefeiringa, avsluttar Harang.