Veronica Sundgot Hide er dagleg leiar av Hide Gard og Glasdesign. Dette er ei kombinert verksemd, ho driv både med gardsdrift i form av sauehald og kunstverksemd. Ho driv både verkstad, kursverksemd og utsal av eigenprodusert glaskunst.

Utfordrar «løver»

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har bede Innovasjon Norge gjere noko for å utløyse potensialet for verdiskaping som ligg i Noregs sitt mangfald av næringar og ulike kulturar.

Aud Rolseth Sanner i Innovasjon Norge forklarer at dei har valt å lage noko både for dei med fleirkulturell bakgrunn og dei som ikkje har det. Så kan dei danne nettverk seg imellom.

Over hundre personar søkte på å kome med i dette programmet. Innovasjon Norge handplukka 45 «løver». Veronica Sundgot Hide er ein av dei.

Med «løve» meiner dei personar som blir motivert til å finne betre løysingar, har gjennomføringsevne, og er langsiktige og målmedvitne.

Løvemat

BYKS gjev innsikt direkte frå leiande ekspertar på innovasjon. Utvikling av verksemda og innovasjonskompetanse går hand i hand. Som deltakar blir ein utfordra og støtta av erfarne ekspertar og får høve til å byggje breitt nettverk på tvers av fagområde og kulturar. Målet er at deltakarane skal ta i bruk det dei lærer i eiga bedrift.

Små-initiativa i distrikta

Aud S. Sanner er glad for at dei denne gongen kan få prioritere dei små initiativa i distrikta.

– Eg heiar veldig på dei små som lever det livet dei vil og greier å leve av det. Me skal ikkje berre satse på verdsmeistrane, seier Sanner.

Gjennom dette programmet lærer dei å sjå kva som er behovet der ute. Dei får tips til å tenkje gjennom om det er noko dei kan gjere for å auke innteninga.

Dei 45 «løvene» er med på to samlingar i Oslo og ei i Trondheim. I november blir det nettverkssamling, der dei kan dele erfaringar med andre «løver».

- Nettverk er nøkkelen til det meste. Då får dei utveksla erfaringar, seier Sanner. Programmet blir avslutta med eksamen før jul.