Aviskonsernet Polaris Media, som bl. a. eig Vikebladet Vestposten, varslar at dei vil setje i gang eit spareprogram på 100 millionar kroner i løpet av 2015 og 2016. Dette kjem i tillegg til ei innsparing på 75 millionar som har vore vedtatt tidlegare for gjennomføring i 2015.

Det blir dermed snakk om ytterlegare nedbemanningar i avisredaksjonane.

I ei børsmelding frå konsernet heiter det at lønsemda er sett under sterkt press og at hovudårsaka er fall i inntektene frå papiravisene. Konsernsjef Per Axel Koch seier at den viktigaste drivaren for langsiktig lønsemd er å lykkast med å vidareutvikle dei digitale posisjonane.

Polaris Media trur at betalingsordningar på nettet med tida vil kunne auke dei digitale brukarinntektene vesentleg. Adresseavisa i Trondheim, som er Polaris Media sitt flaggskip, lanserte ei slik ordning (Pluss-løysing) 18. juni.

Polaris Media sine digitale inntekter i dag er likevel små samanlikna med papir-inntektene. I 2013 hadde konsernet ei totalomsetning på 1 milliard 787 millionar kroner. Av dette var berre 186 millionar kroner digitale inntekter.

Dei tre siste åra har papiravisene i konsernet hatt eit fall i opplag frå 228.397 i 2011 til 213.593 i 2013.

Den direkte avkastinga i konsernet dei tre siste åra har vore på 7,3 % i 2011 – 6,5 % i 2012 og 6,7 % i 2013.