Ei e-postmelding som kan verke truverdig for dei minst datakunnige, rullar rundt på internett og legg seg i innboksen i folk sine e-postar. Mailen ser ut å stamme frå Nordea, og etterspør dine personlege bankkortopplysningar. Om det berre er Nordea-kundar som tek imot meldinga, er framleis uvisst.
“Midlertidig begrenset”
E-posten som kjem frå avsendaren “Copyright Bank” har emnet “Din bankkonto er begrenset”. Den inneheld ei lenkje som mottakarane av mailen kan trykkje på for å kunne “reparere” bankkontoen. Og denne bør du ikkje trykkje på.
Om du trykkjer på lenkja, får du opp eit falskt nettlesarvindauge med logo og tekst som er omtrent identisk med Nordea sine heimesider. Der blir brukaren anbefalt å skrive inn kortopplysningar, for å så sende desse.
Om du gjer dette, går kortopplysningane dine til ein svindlar som truleg tømmer bankkontoen din for pengar – før du i det heile tatt rekk tenkje deg om.
Får du slike e-postar er det best å slette dei med ein gong. Nordea har tidlegare opplyst at slike opplysningar berre blir etterspurd av Nordea når du er trygt innlogga i nettbanken din via BankId.
Kjenner til problemet
Dagleg får Nordea fleire førespurnader om e-postsvindelen. Og sidan det er umogleg for banken å gjere noko med e-postsvindelen, rår dei folk til å ikkje svare på e-posten.
– Du skal aldri stadfeste kundeinformasjon med mindre du er inne i nettbanken, fortel informasjonssjef Thomas Sevang i Nordea i ein kommentar til DinSide.
Han understrekar at e-posten frå Nordea ikkje har noko med banken å gjere.