"STRUPLE" er tema i Vikebladet Vestposten si faste spalte "Språkleg tala" 26. mai. I Norleif Holstads “Ord og uttrykk frå Hareid”, utgitt i nytt og utvida opplag i 2008, er “å struple” forklart med “laust prat på kanten”. Substantivet av dette verbet er “strupl” eller “strupleprat”. Ein som fer med slikt prat er gjerne ein “struplekopp”. Samtidig har vi uttrykk som “struplekoke” om å fosskoke og “strupleregn” for “regn som renn rett ned” (i følgje "Ord og uttrykk frå Hareid"). No kunne det vere interessant å finne ut kva geografisk område dette ordet er kjent i. Finst det i heile Møre og Romsdal? Finst det berre på Sunnmøre - eller kanskje berre på søre Sunnmøre?