- Gjennom hausten og vinteren har representantar for dei to musea hatt fleire samtalar om eit framtidig samarbeid. Ishavsmuseet har lenge hatt ein klar intensjon om og lyfte museet opp på eit endå høgare nivå både fagleg og kompetansemessig, og det er viktig for Ishavsmuseet å stå fram som ein sentral aktør blant dei polare samlingane i Noreg, fortel dagleg leiar Webjørn Landmark ved museet i Brandal.

Han meiner avtalen gir også signal om korleis landets mest kjente polarmuseum ser på Ishavsmuseet som ein viktig aktør i polar-Norge.

Begge partar er samde om at intensjonen med avtalen er at også dei andre polare museum i Noreg etter kvart skal verte ein del av dette samarbeidet. Begge musea har også hatt kontakt og samtalar med samlingar i andre land.

- Denne avtalen styrker banda mellom desse to musea, og vil vere med på å utvikle musea i ein felles strategi der det høver for forvaltning, forsking, formidling og fornying. Avtalen inneheld styrking av den faglege kompetansen, utvikling av formidlingsarbeid, formalisere det faglege samarbeidet og formidle kunnskap og auke interessa for den polare historia og menneska i fortid, samtid, og framtid, forklarer Landmark, som legg til:

- Vi skal også samarbeide om å utvikle det faglege nettverket, styrke kompetansen og utveksle informasjon mellom dei to musea. Viktig vert også dei felles møta, styrking av den historiske dokumentasjonsbasen og styrke banda mellom dei polare musea i Noreg.

I Ishavsmuseet Aarvak er dei svært nøgde med denne avtalen som vil vere med på å grunnfeste dei planar og mål som museet i Brandal har hatt over tid for å verte ein endå meir sentral aktør i polar-Noreg.

- Vi har sakna desse tette banda inn mot polarmiljøet, og ser no med forventning og inspirasjon fram til å utvikle dette vidare til det beste for museet vårt. Avtalen stadfestar også museets grunntanke om formidling av vår viktige polarhistorie, og at vi har sterk fokus på dette. I så måte kunne vi ikkje finne ein betre samarbeidspartnar å utvikle dette arbeidet med enn Frammuseet i Oslo.