Per Sævik, med djupe røtter i fiskerinæringa, er tildelt riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden. Foto: pressefoto

Per Rolf Sævik (71), gründer, skipsreiar og tidlegare stortingsrepresentant og president for Norges Rederiforbund er tildelt riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden ”for sin innsats for skipsfartsnæringen.”

Sævik er ein nøkkelperson i etableringa av den mektige offshoreklynga på Nordvestlandet. Med bakgrunn frå fiskerinæringa har han starta tre supplyreiarlag; Sævik Supply, Havila Supply og Havila Shipping. Sævik har hatt ei rekkje av dei mest prestisjetunge verva både innan fiskeri og tradisjonell skipsfart, i tillegg til tunge styreverv i viktige offentlege verksemder.

Skipsreiaren og industrimannen har også lang fartstid som politikar for Kristeleg Folkeparti. Han vart vald inn på Stortinget som fast representant i 1989 og var vararepresentant i periodane 1977–1981, 1981–1985 og 1985–1989.

- Eg er både ydmjuk og glad for dette heiderstegnet. Men eg må presisere at Havila-gruppa ikkje er eit einmannsverk. Spesielt tenkjer eg på kona mi som har stått ved sida mi i alle desse åra. Og ikkje minst på alle dei flinke medarbeidarane i Havila-systemet, seier Per Sævik.

Per Sævik var også ordfører i Herøy kommune i 1988 og 1989 og president i Norges Rederiforbund fra 1996 til 1998.

71-åringen har i tillegg til alt dette vist eit viktig engasjement og innsats innan frivillig kristent arbeid i regionen og internasjonalt.

Ordenen til Sævik blir utdelt onsdag 1. februar på Remøy bedehus av fylkesmann Lodve Solholm.