Det er større grunn til å samanlikne total-tala i dei to kommunane - og då ligg Ulstein klart fremst med 2.573.000 kroner mot Hareids kr. 1.657.000. Poenget ved samanlikningane er at det i begge kommunar er snakk om eitt kyrkjeanlegg å halde vedlike: Kyrkjebygg + gravplass. Ulstein har rett nok to gravplassar, men samla areal er temmeleg likt - og det same er aktiviteten. Det er neppe større vedlikehaldskostnader på Ulstein kyrkje sine anlegg enn på Hareid kyrkje sine. Begge står ute i ver og vind. Skilnaden mellom dei to sokna ligg dermed først og fremst på det administrative planet og i tenestetilbodet. Held vi frivilligsentralar og barnehagedrift utanfor - og ser på dei som sjølvfinansierande - har Ulstein 1 stilling meir enn Hareid. Set vi kostnadene til denne stillinga til 350.000 kroner - og dreg dette ifrå Ulstein sokn sine nettodriftsutgifter på 2.573.000, ser vi at skilnaden mellom dei to sokna ligg på over ein halv million kroner. Denne halve millionen er truleg det talet som viser best underfinansieringa av Hareid sokn. Skulle Hareid kommune kome seg opp på Ulstein kommune sitt kyrkjenivå, burde Hareid-politikarane løyve ein halv million kroner årleg meir til kyrkja enn dei gjer idag.