Gleda over signala frå Hareid er stor mellom jordmødrene. - Om dette stemmer, er det heilt fantastisk, seier jordmor Ellen Grethe Flø Bersås i samtale med Vestlandsnytt. Ho er overraska over vendinga i saka. Som kjent har Hareid kommunestyre tidlegare vedteke å seie opp jordmorvakt-avtalen med verknad frå 1. januar 2008. Reaksjonane på dette vedtaket har vore sterke, og sanitetskvinnene i Hareid har gjennomført underskriftskampanjar. No er gleda tilsvarande stor. Flø Bersås trur det er betre innsikt i konsekvensane ved ei avvikling av vaktordninga som har påverka hareidspolitikarane til å snu. - For dei fødande gir det god tryggleik å ha jordmor tilgjengeleg når det trengst, kommenterer fagsjef Jan Erik Bjørlykke i Akuttkompetanse AS til Vestlandsnytt.