Nyhende →
Lokale firma skrur bustadprisane til himmels
Ei ung kvinne i Ulsteinvik har lenge vore på bustadjakt. I november i fjor fekk ho og familien lovnad om å få leige eit bustadhus som stod tomt, og avtalen var at dei skulle betale 5000 kroner i månaden. Men to dagar før innflytting kom kontrameldinga: Dei fekk ikkje leige likevel. Eit lokalt firma hadde leigt huset til ei månadsleige som var fleire gonger så høg.