Sist veke spurte vi om du hadde bada i sjøen denne sommaren. Berre 31 prosent kunne svare ja på spørsmålet, medan 69 prosent har halde seg trygt på land. I alt registrerte vi 155 svar. Vi held oss i det våte element ei veke til: "Helsar du ei obligatorisk båtførarprøve velkomen", spør vi. Med andre ord: Svar "ja" om du tykkjer det er for mykje uvettig båtkøyring på sjøen no til dags - eller "nei" om du tykkjer sjøkunnskapane hjå den jamne båtførar verkar å vere tilstrekkelege.