Vi hadde lyst å gjere noko anna i år enn tidlegare, for å markere denne dagen, forklarar barnehagestyrar Unni Østrem. Sidan nokre av barna har foreldre som jobbar ved bedrifta, tok barnehagen kontakt og ordna eit bedriftsbesøk.

Skodespel

Det var barna i alderen tre år og oppover som fekk vere med til Ekornes. Dei andre var att i barnehagen. Om lag 30 barn inntok kantina på Ekornes, og med seg hadde dei tilsette i barnehagen, i tillegg til tre elevar frå ungdomsskulen som var på arbeidsveke hjå dei. Sidan barna har halde på med ein del eventyr dei siste månadene, var det naturleg at dei hadde lyst å vise fram litt av det dei har lært. Valet fall på "Dei tre bukkane bruse", og Tarje (6), Markus (5), Casper André (4) og Ragnhild (6) framførte stykket med stor innleving. Dei hadde med seg heimelaga kostyme, både trollparykk og bukkehorn. Elisabeth Øvrelid, frå barnehagen, var imponert over at ungane torde å snakke så mykje framfor det store publikummet. Eg slapp å seie noko, dei var veldig flinke til å snakke, smiler ho. Ho fortel at dei har trena mykje på dette skodespelet. Dei tre "bukkane" kunne fortelje at dei syntest det var kjekt å vise fram eventyret. Dei har ikkje blitt lei av det endå, sjølv om dei har øvd mange gangar.

Song om våren

Det var ikkje berre skodespel som stod på programmet til dei dyktige ungane. Dei framførte òg fleire songar, der temaet var vår og sol. Ser de sola ute no?, spurde Øvrelid etter at dei fyrste strofene var sunge. Nei, kom det kjapt frå dei unge songarane. Då fekk dei beskjed om å ta i litt ekstra på neste vers, slik at sola skulle kike fram. Trass iherdig synging, vart det ikkje noko meir sol ute. Men inne vart det opplyst av strålande nøgde barnefjes når bollar og saft kom på bordet etter at framsyninga var over. Ei av dei som let seg underhalde i lunsjpausen, var Oddrun Fjørtoft. Ho er tilsett ved bedrifta, og ho var imponert over framføringa. Ungane var veldig flinke, skryt ho.

Bedriftsbesøk

På førehand hadde barna fått lære litt om kva som vert produsert ved fabrikken. Etter framsyninga fekk dei eldste ungane høve til å vere med dei tilsette inn i produksjonshallen for å sjå korleis møblane vert produsert. Barnehagestyrar Østrem var godt nøgd med besøket, og vil gjerne ta turen tilbake ved eit seinare høve.

Syverplassen barnehage underheldt på Ekornes si avdeling på Hareid i lunsjpausen.
Barnehagestyrar Unni Østrem delte ut bollar og saft etter framsyninga.