Konkurransen startar onsdag 22. august. Alle dei tilsette, uansett avdeling, kan vere med på konkurransen. Frå då av må alle kilometera dei syklar til og frå jobb eller i fritida. Alle strekningar må vere oppført med dato og kilometertal. Loggen skal innleverast før 22. september, slik at det kan kårast ein vinnar til kommunestyremøtet 26. september. Dei tilsette får altså akkurat ein månad til å samle kilometer på. På tampen av ordførarkarrieren vil Gjerde slå eit slag for fysisk fostring. Det er viktig for kommunen å ha opplagde tilsette, og vi vil at alle skal vere med på å avgrense bilbruken og dermed også forureininga, forklarer Gjerde. Fysisk aktivitet fører både til trivsel, betre miljø og mindre sjukefråvær, meiner ho. Det er ingen tvil om at trim gir nye krefter og hindrar sjukdommar og belastnignsskader. Vi treng både å ha opplagde medarbeidarar og å få ned sjukefråværet, seier Gjerde, som tilstår at også ho må ta seg sjølv i nakken for å kome seg ut på sykkel eller gåtur. Venstre-ordføraren håper at alle som kan blir med på konkurransen om sykkel, men ho håper også at dette kan bli starten til ei varig omlegging frå bil til sykkel.