Nesset Eiendom fekk på legg om å fjerne dei resterande brakkene som hysa 17 ekstra. Det vert arbeidd med å byggje brakkerigg vest for Køyla ved Kleven Verft. Han skal ha bortimot 150 plassar. Når han står klar for innflytting, skal dei ekstra sengeplassane flyttast over dit. Teknisk utval gav Nesset Eiendom først frist for å flytte brakkene 15. mars 2006. Så vart fristen utsett til 31.12.2006. No rår teknisk sjef teknisk utval til å forlengje fristen til 1. september 2007. Då skal den nye brakkeriggen hjå Kleven vere på plass. Saka skal opp i teknisk utval onsdag 17. januar 2007.