HNM (Hovudutval for næring og miljø i Hareid handsama den private reguleringsplanen for fremste Teigane i førre veke. Det vart fleirtal for å kutte ut forslaga om å ta deler av ein bekk og restane av eit gammal vasshjul inn som verneområde. Heller ikkje ei gammal rås i bytet, skal det takast omsyn til. Men HMN meiner stigninga på den innregulerte vegen er for bratt, og vil avgrense han til cote 67. Utvalet opnar derimot for at det kan opnast for bygging av terrassehus i bakkant av steingarden, og ber utbyggaren vurdere ei anna vegløysing. Det er Vidar Teigene som er grunneigar på fremste Teigane. Han har hyrt inn firmaet dfy og sivilarkitekt Kenneth Bjerkvik til å utarbeide reguleringsplanen. Bjerkvik opplyser at han har tatt kontakt med selskapet Norconsult i Sandvik for å få dei til å vurdere om profilen er innanfor vegnormalen. Svaret er kome, og det er positivt for oss. Vegen har ei maksstining, men er som sagt innanfor normalen, og dei meiner han er gjennomførbar, opplyser Bjerkvik. HNM held fast på eit punkt om at det avsette arealet for leik bør vere kvalitetsareal og ikkje restareal ved ein trafikkert veg. Bjerkvik meiner han i reguleringa har avsett det beste arealet til leik. Det ligg like ved den gamle løa, nede på flata. Det vil bli mykje vanskelegare å setje opp leikeapparat i skråninga. Og området skal gjerdast forsvarleg inne mot vegen, kommenterer han. Bjerkvik opplyser at Vidar Teigene no vurderer kva han skal gjere vidare. Han har ikkje bestemt seg enno. Dersom han bestemmer seg for å godta vedtaket i HNM vil han misse ein god del tomter. Eg reknar med at dersom han bestemmer seg for å gå med på vedtaket til HNM, må det bli med ei løysing der også terrassehusa blir godkjende, seier Bjerkvik.