Hareid kommune har ikkje gjort noko vedtak om å rive Trudvang, men rykta går om at det finst fleire politikarar i Hareid som gjerne såg Trudvang jamna med jorda. Både fordi det er nye rundkøyringar under planlegging i området, og fordi interessa for å skaffe seg tomt nær riksvegen i Hareidsmyrane industriområde er stor. Truvang skal blant anna bli nabo til ein bensinstasjon. Hareid Amatørteater har brukt Trudvang som øvings- og framsyningslokale sidan tidleg på 1900-talet. Det var Hareid songarlag som fekk sett opp huset, og amatørteateret har sitt utspring i songarlaget. Hareid kommune tok over Trudvang på 1980-talet. I samband med overtakinga vart det gjort ein del utbetringsarbeid, blant anna innvendig måling, men sidan har huset fått stå til forfalls. Likevel er det mange kulturberarar i kommunen som fleire gonger i veka tek turen til Trudvang for å øve.

Riving vil slå beina under Hareid amatørteater

Det finst ikkje noko anna alternativ for oss i Hareid i dag, slår Oddvar Haugen, leiar i Hareid amatørteater fast. To-tre gonger i veka øver teatret på komedien "Tango for tre". Premieren blir i mars, og Haugen fortel at då rykta om riving kom han for øyret, kontakta han politikarar som forsikra han om at huset i alle fall ikkje vart rive før i mai. Blir huset rive, så slår kommunen beina under Hareid amatørteater. Vi kan ikkje øve i eit lokale der vi før og etter kvar øving må rigge opp og ned kulissene våre. På Trudvang får kulissene stå permanent på scena, og det er heilt ypparleg for oss. Haugen fortel at amatørteatret har fått spørsmål frå Hareidsstemna om dei vil vere ein del av stemna til hausten. Men det finst ikkje andre lokale i Hareid enn Trudvang som høver til framføring av teater, seier Haugen. At Hareid amatørteater for ein del år tilbake investerte forholdsvis store pengesummar i nytt lys- og lydanlegg som er installert i bygget, høyrer også med til historia. Turngruppa er storbrukarar av Trudvang Ein annan storbrukar av Trudvang er turngruppa til Hareid Idrettslag. Leiar Linda Riise opplyser at turngruppa brukar Trudvang fire dagar per veke, og at opp mot 100 turnarar frå skulestartalder og oppover brukar Trudvang som boltreplass. Det har dei gjort i mange år. Per i dag har vi ikkje noko alternativt lokale, og turngruppa blir sett i ei stor kattepine dersom vi må ut, slår Riise fast.

Rockelauget vil lenke seg fast

Situasjonen er den same for bandet Løk og Hareid Rockelaug. Andreas Grimstad meiner det vil vere aldeles forferdeleg om kommunen riv Trudvang. Vi har bestemt oss for å lenke oss faste dersom rivinga blir effektuert, fortel han. Dei tre siste åra har Løk brukt kjellaren i Trudvang som øvingslokale, og heller ikkje dei har noko alternativ. Eg har ein kjellar i huset mitt som vi kunne øvd i. Men med ei dotter på fire månader går det ikkje, forklarer rockar Andreas Grimstad. Han opplyser at det no er krefter som prøver å få opp tempoet i Hareid Rockelaug, og sjølv om kommunen sviktar på vedlikehald, så trivst dei i kjellarlokalet likevel. Vi steller til så godt vi kan. Vi har funne litt møblar og andre saker som gjer der litt trivelegare. Vi har måla veggene i kjellaren, og vi stiller gjerne på dugnad elles i huset også, fortel han.

Parkeringsplass på baksida?

Seint i fjor haust baud Odd Goksøyr, Andreas Bjåstad og Ronald Øvrelid inn til intimkonserten "I filler av lys" på Trudvang. Goksøyr seier til Vikebladet Vestposten at når dei først fekk opp varmen var Trudvang eit ypparleg lokale til denne typen konsert. Vi såg oss om etter andre høvelege lokale i Hareid, men dei fanst ikkje. Goksøyr meiner det kunne vere ei løysing at kommunen laga ein tilkomstveg og parkeringsplass på nedsida av Trudvang, slik at konflikten med riksvegen ikkje vart så sterk. Men uansett må huset vølast, meiner han. Cool Cats-vokalist John Kenneth Hjelle, har også i mange år brukt trudvangkjellaren til øvingslokale. Han meiner det er ei skam at kommunen ikkje har hegna meir om huset. I mange andre kommunar har dei no begynt å setje i stand gamle sjøbuer og hus. Her på Hareid let vi dei stå til forfalls til kommunen bestemmer seg for å rive. Eg er sikker på at Trudvang kunne blitt eit praktbygg dersom det vart rehabilitert tilbake til slik det såg ut i starten, seier han.

Det ligg mykje historie i veggene på sminkerommet til Hareid amatørteater, slår Oddvar Haugen fast.
Andreas Grimstad og Andre Smoge i Hareid rockelaug meiner Trudvang-kjellaren er ypparleg som øvingslokale. Her har dei laga seg eit triveleg bol, og dei ønskjer nye rockarar velkomne til øving.
Nærare 100 unge turnarar svingar seg på Trudvang i løpet av veka, opplyser Linda Riise. Turngruppa har ikkje noko alternativt lokale.