I den samanheng held 60 lokale songarar på å varme opp stemmene sine til å vere med i operakoret. Oppsetjinga er eit samarbeid mellom Rikskonsertane, Luftforsvarets musikkorps- Trondheim og Den Norske Opera, kulturkontoret i Ulstein og lokale kor. Operakoret som skal synge på Sjøborg består av songarar frå Con Moto, Ulstein Mannskor, og Ulstein kyrkjekor. Operakoret skal saman med solistar frå Den Norske Opera medverke på "Habanera" og "Votre toast" (toreadorsongen) frå Carmen, og på Libiamo (brindisien) frå La Traviata. Dette er alle velkjende perle frå operalitteraturen. GALLAKONSERT I STORFORMAT Fire framståande solistar, Rita Heigre, Marianne E. Andersen, Kjetil Støa og Yngve A. Søberg, vil framføre utdrag frå operalitteraturens mest kjende verk. Med kostyme og lyssetjing vert utdraga sett i scene av ein av våre fremste operaregissørar, og slik vert heile framsyninga bunde saman til det arrangørane kallar ein gallakonsert i storformat. Ferda går gjennom historia og det europeiske kontinent, der vi møter den fyrige Carmen, sterktfølande Mimi frå La Bohème, erobraren Don Giovanni, barberen i Sevilla og den fritalande Rigoletto. – Dette vert desidert eit arrangement for både korps-, kor- og operainteresserte, understrekar kultursjef, Leif Ringstad som lovar topp underhaldning og kvalitet denne kvelden. ORKESTRAL VELKLANG Forsvarets profesjonelle orkester er ein av samarbeidspartnarane på oppsetjinga. Det fører til at eit av landets mest profesjonelle militærorkester vil står for orkestral velklang. For under konserten på Sjøborg, er det Luftforsvarets musikkorps-Trondheim, som publikum får høyre. Her vil dramatiske slagscener verte akkompagnerte av majestetisk og monumental messing, og delikate treblåsarar vil følgje dei italienske kjærleiksserenadane. Luftforsvarets musikkorps- Trondheim har med andre ord mange strenger å spele på til trass for at dei berre består av blåsarar. Orkesteret vert leia av dirigent Terje Boye Hansen og regissør for oppsetjinga er Hilde Andersen. ØVINGSFOKUS Fram mot arrangementet 10. mars skal dei lokale kora møtest fem gongar for å øve inn operastykka. Dirigent fram mot konserten vert Jan Thormodsæter. Så då for ein berre vente i spenning på om dette musikalske samarbeidet gir ei like stor operagallakjensle som arrangørane lovar. Alt ligg i alle fall til rette for det.
Nyhende →
Lokale songarar varmar opp til operagalla på Sjøborg
Onsdag 10. mars får Sjøborg kulturhus besøk av Rikskonsertane, med oppsetjinga "Absolutt opera".