Vedtaket vart gjort mot tre røyster, og grunngjevinga var at dei ikkje kan ta imot pengar til drift, melder NRK Møre og Romsdal. Styret følgde dermed tilrådinga frå administrasjonen i helseføretaket. Sommarstenging gir ei innsparing på 600.000 kroner. Direktør Astrid Eidsvik meiner det ikkje er ulovleg, verken skattemessig eller juridisk, å ta imot pengegåver til drift av fødeavdelinga. Ho meiner likevel at dette kan skape ein uheldig presedens og eit håp ute blant folk som ikkje er realistisk.