Konbygg AS har på vegner av Aktivsenteret og Sunnmøre Folkehøgskule søkt Ulstein kommune om rammeløyve for oppføring av tilbygg til Aktivsenteret. Tilbygget vil gje ei grunnflate på om lag 400 kvm og hovudsakleg innehalde gymsal. Tilbygget vil sneie tre meter inn på friområdet mot nord. Teknisk sjef rår teknisk utval til å gje utbyggjarane dispensasjon frå forbodet mot utbygging i friområde mot nord i reguleringsplanen for Varleitet - Hovsetmarka aust, slik at tilbygget kan byggjast slik det er søkt om. Det vil gje ein rasjonell bruk av arealet i området, meiner teknisk sjef. Saka skal opp i møte i teknisk utval onsdag 17. januar 2007.