Ein av innbyggjarane i området seier til avisa at det heile er i ferd med å gå på helsa laus: No må det bli slutt på denne farts- og burninggalskapen som går føre seg ved Amfisenteret kvelds- og nattetid. Det er særleg i helgane det er ille. Det kan starte fredag kveld i 21-tida, og så har vi det gåande til tre-fire-tida om natta - berre så røyken står. I rundkøyringa ved Amfisenteret er det like gale; stor fart både med og mot køyreretninga, seier mannen. Ein kveld hamna ein bil opp på gangvegen etter ha forsert rundkøyringa i ein vanvettig fart. Det er unge personar som held på med denne sporten. Ulsteiningen meiner politiet no må slå til og stoppe leiken: Politiet har panoramautsikt over området frå kontora sine, og burning, som desse ungdommane driv med i stor stil, er vel straffbart, er det ikkje? Det er tett busetnad i området, og no har sporten pågått sidan i sommar. Eg er overraska over at politiet ikkje har gripe inn for lenge sidan, seier mannen som fortel at besøkjande frå andre stader i landet ikkje har opplevd maken.